Olav Undeland om The Clash

Arrangementsinformasjon


Punken stod sterkt i Ulvik langt ut på åttitalet. Medan ungdomar elles i landet høyrde på Michael Jackson, Def Leppard eller kva det no var, gjekk det i Sex Pistols, Buzzcocks og Dead Kennedys hjå oss. Strengt tatt er lyden av åttitalet for mange ulvikjer, lyden av syttitalet. Då Dum Dum Boys debuterte med «Blodig alvor» i -87, var det for mange av oss pønkbandet Wannskrækk som stod opp att.

The Clash blei mitt band. Eg hadde kun høyrt om dei då eg fann plata «Cut the crap» i ein platebutikk, og sjølv om denne ikkje kan reknast som ei ekte clashplate (kun to frå originalbesetninga var att), greip den meg på ein måte eg ikkje før hadde opplevd. Seinare fekk eg tak i debutalbumet «The Clash», «London Calling» og ikkje minst «Sandinista!» og det var med desse platene eg trur eg lærte å lytta til musikk. The Clash sprengte alle grenser for kva du kunne forventa av eit punkband – reggae blanda med folkrock, dub, rap, gospel, new wave og rockabilly – alltid med politisk ståstad, alltid med ein vanvittig energi – seinare har eg høyrt at mange omtalte dei som «the only band that matters».

Vel, åra gjekk og nerden i meg oppdaga akustisk blues frå 30-talet, og bygdafolk kjenner meg nok best att når eg formidlar den musikken. Samstundes har Joe Strummer, Mick Jones, Paul Simonon og Topper Headon alltid vore med meg, og i periodar høyrer eg på dei dagleg. Det er med skrekkblanda fryd eg har sett meg ned og sett på kva låtar av tha Clash som kan framførast åleine av ein enkelt konstruert deltabluesmusikant – resultatet får du høyra på Strand Fjordhotel 1.august!

Olav

olavundeland
undeland
ulvik
fortelmegom